Skotsfjorden
67°51′15″N 14°55′27″E / 67.85417°N 14.92417°E
Skotsfjorden er ein fjord i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 13 km austover til Liland og Sagpollen i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Kvalnes i nord og bygda Nordskot i sør. Det ligg ligg gardsbruk langs heile nordsida av fjorden, medan sørsida stort sett er urørt. Inst i fjorden ligg garden Liland. Her går Sagpollen sørover, medan Mølnpollen går litt vidare innover. Den indre delen av fjorden vert kalla Lilandsfjorden.
Fv636 går langs nordsida av fjorden.