Lilla Luleälven
66°32′39″N 20°10′16″E / 66.54416°N 20.17104°E
Lilla Luleälven | |||
elv | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Lengd | 238 km | ||
Kjelde | sør for Sarek | ||
Munning | Lule älv | ||
Lilla Luleälven 66°26′44″N 20°38′13″E / 66.44555556°N 20.63694444°E | |||
Wikimedia Commons: Unna Julevädno |
Lilla Luleälven er ei tilløpselv til Lule älv nord i Norrland i Norrbottens län i Sverige. Heile elva ligg innanfor Jokkmokk kommun og er 238 km lang med eit nedslagsfelt på om lag 9800 km². Den lengste sideelva til Lilla Luleälven er Tarrajåkkå som spring ut sør for Sarek. Elva renn søraustover, gjennom Saggat, Skalka og Randijaure før ho når Jokkmokk. Etter Jokkmokk, renn ho mot Vuollerim der ho renn saman med Stora Luleälven. Dei største sideelvane hennar er Rapaälven og Pärlälven. Elva er regulært.
Det ligg fleire vasskraftverk langs elva. Alle av dei er eigd av Vattenfall AB. Kraftverka har forstyrra mange av dei tradisjonelle vandringsrutene til samane i området.
Namn | År ferdig | Normal årleg energiproduksjon (GW•h) | Maksimum kapasitet (MW) |
---|---|---|---|
Seitevare | 1967 | 787 | 225 |
Parki | 1970 | 85 | 20 |
Randi | 1976 | 226 | 86 |
Akkats | 1973 | 565 | 158 |
Letsi | 1967 | 1850 | 456 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lesser Lule River» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2012.