Megawatt
Megawatt med symbol MW er ein SI-avleidd eining for effekt som svarar til ein million (106) watt. Ein MW tilsvarar 1360 hestekrefter. Effekten til dei elektriske generatorane til kraftverka vert ofte målt i MW. Til dømes har Kvilldal kraftverk installert generatorar som kan yte opptil 1240 MW; det er størst i Noreg.
Historie
endreI fylgje Oxford English Dictionary (OED), finst den fyrste skrivne tilvisinga til megawatt i Webster's International Dictionary of English Language frå 1900 . Vidare seier OED at megawatt vart nytta i ein artikkel i 28. november 1947-utgåva av Science.