Lilleby haldeplass
Lilleby haldeplass er ein jernbanehaldeplass på Meråkerbanen. Lilleby ligg i bydelen Lademoen på Trondheims austkant. Haldeplassen opna i 1967, og er betjent av Norges Statsbaners lokaltog. Haldeplassen har berre éi plattform og eit leskur.
Ved opninga tok haldeplassen over namnet etter Lademoen stoppestad, som vart lagt ned samstundes. I 2006 vart den døypt om til Lilleby, då Lademoen (nokre hundre meter nærare Trondheim) vart opna på nytt.
Kjelder endre
Thor Bjerke (red.) m.fl. Banedata '94. Norsk Jernbaneklubb 1994. ISBN 82-90286-15-5
Bakgrunnsstoff endre
- Jernbaneverket si informasjonsside om Lilleby
- Stasjonsoversikta til NSB
- Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb: Meråkerbanen
Førre stasjon | Jernbaneverket | Neste stasjon | ||
---|---|---|---|---|
Meråkerbanen | nedlagt:Ladalen
| |||
Regionaltrafikk | ||||
26 | Røros - Trondheim S - Rotvoll | |||
26 | Lerkendal - Trondheim S - Steinkjer |