Meråkerbanen
Meråkerbanen er jernbanestrekninga mellom Hell stasjon på Nordlandsbanen og riksgrensa ved Storlien i Sverige der den knytter seg til Mittbanan.[1] Opphavleg var Meråkerbanen strekninga frå Trondheim til riksgrensa, men i 2008 vart strekninga Trondheim-Hell ein del av Nordlandsbanen. Banen vart opna i 1881 og var frå starten normalspor. Banen går gjennom bygda Meråker i Trøndelag, derav namnet. Strekninga inngår i det som blir kalla Trønderbanen.
Meråkerbanen | |
Del av linja gjennom Meråker (1880) | |
Info | |
Type | Jernbane |
System | Enkeltspora uelektrifisert bane |
Utgangsstasjon | Hell stasjon (før 2008 Trondheim sentralstasjon) |
Endestasjon | Riksgrensa (Storlien) |
Tal på stasjonar | 4 |
Drift | |
Opna | 1881 |
Eigar | Bane Nor |
Type trafikk | Passasjerar og gods |
Loktypar | NSB type 92 |
Teknisk | |
Lengde | 70,7 km (til riksgrensa) |
Største stigning | ø 19 ‰ (Gudå–Storlien) |
Bruer | 52 |
Tunnelar | 1 |
Planovergangar | 46 |
Meråkerbanen er ei av dei fire norske jernbanestrekningane som er fastlagt av UNECE som internasjonal hovudtransportstrekning.[2]
Historie
endreEtableringa av Meråkerbanen hadde samanheng med eit svensk ønske om ei samanhengande transportåre tvers over den skandinaviske halvøya frå Sundsvall til Verdal, med rutebåtar på Storsjön frå 1840.[3][4] Trondheim vart med i planene i 1869.[3] I 1871 vart det invitert til aksjeteikning i prosjektet, og saka vart for første gong lagt fram for Stortinget.[3]
Trafikk
endreBanen er i dag trafikkert av Mittnabotåget som går mellom Trondheim og Östersund. Fram til 2005 hadde banen stor godstrafikk knytta til transport frå Meraker smelteverk på Kopperå. I dag er godstrafikken tømmertransport til Norske Skog på Skogn.
Frå november 2013 til mars 2015 var banen stengt mellom Kopperå og Storlien på grunn av risikoen for jordskred ved fyllinga Stora Helvetet på den svenska sida av grensa.[5]
Modernisering
endreI 2006 vart Meråkerbanen rusta opp for 26,5 millionar kroner og i 2007 for 30 millionar kroner for å ta over mykje av godstrafikken på veg mellom Trøndelag og Jämtland. Aksellast vart auka frå 20,5 tonn til 22,5 tonn, som er norsk standard. Samtundes auka farten på godstoga frå 50 til 80 km/t. Det meste av godstrafikken er tømmertransport, først og fremst til Norske Skog på Skogn. Den 4,4 km lange Gevingåsen tunnel på den opphavlege Meråkerbanen opna opna i august 2011, og banestrekninga mellom Trondheim og Hell vart med det 1 627 meter kortare.
100 meter over grensa på svensk side vart fyllinga Stora helvetet erstatta med ei ny bru i oktober 2018. Strekninga mellom Storlien og riksgrensa vart elektrifisert i 2019.[6]
Det er vedtatt å elektrifisere banen som ein del av Nasjonal transportplan 2018-2029.[7] Elektrifiseringa starta i 2021 og vil vere ferdig i 2024.[8] I 2021 vart det gjennomført sporbytte på 25 km for å fjerne strekningar med saktekjøring og for å heve aksellast på heile strekninga for godstog til 22,5 tonn og for persontog til 20,5 tonn.[9] Banen er planlagt utbygd med det europeiske signalsystemet ERTMS i 2027. [10]
Linjekart
endreTeiknforklaring | ||||||||||
| ||||||||||
Dovrebanen | ||||||||||
0,00 km | Trondheim S (1881) | 5,1 moh. | ||||||||
Havnegata | ||||||||||
0,51 km | Nidelv bru (190 m) | |||||||||
0,94 km | Nedre Elvehavn/Lademoen (1904) | 6 moh. | ||||||||
1,02 km | sidespor til Nedre Elvehavn | |||||||||
Strandveien | ||||||||||
Fv868 Nidarholms gate (ca. 30 m) | ||||||||||
1,77 km | Lilleby (1967) | |||||||||
2,91 km | Ladalen (1989-2008) | |||||||||
Thoning Owesens gate | ||||||||||
sidelinje Stavne-Leangen-banen fra Marienborg | ||||||||||
sidespor Ladelinjen (nedlagt) | ||||||||||
3,49 km | Leangen (1881) | 33,6 moh. | ||||||||
Fv868 Leangen allé (ca. 15 m) | ||||||||||
Fv868 Haakon VIIs gate (50,3 m) | ||||||||||
4,45 km | Rotvoll (1909-40, 1994-) | |||||||||
4,91 km | Charlottenlund (1899) | |||||||||
Ranheimsveien | ||||||||||
6,63 km | Presthus | |||||||||
Ranheim Papirfabrikk | ||||||||||
Peder Myhres veg (bro under anlegg) | ||||||||||
7,42 km | Ranheim (1881) | 10,4 moh. | ||||||||
7,6 km | sidespor frå Ranheim Papirfabrikk | |||||||||
Stasjonsveien | ||||||||||
8,45 km | Grytbakkstranda | |||||||||
9,23 km | Være | |||||||||
10,24 km | Sjølyst blokkpost | |||||||||
11,08 km | Hundhammeren | |||||||||
11,71 km | Saksvik | |||||||||
12,69 km | Vikhammer (1893) | 4,7 moh. | ||||||||
13,76 km | Vikhamarløkka | |||||||||
14,77 km | Malvik (1881) | 7,8 moh. | ||||||||
15,67 km | Haugan blokkpost | |||||||||
15,53 km | Haugan | |||||||||
15,90 km | Nedre Malvik | |||||||||
16,62 km | Torp | |||||||||
18,55 km | Midtsandan (1898) | 11 moh. | ||||||||
20,36 km | Roten | |||||||||
22,30 km | Hallstad (1912) | |||||||||
23,14 km | Hommelvik (1881) | 7,5 moh. | ||||||||
23,75 km | Homla (85,8 m) | |||||||||
sidespor til Hommelvik hamn | ||||||||||
24,4 km | Gevingåsen tunnel (2011, ca. 4400 m) | |||||||||
25,10 km | Solbakken haldeplass (1959) | |||||||||
|
Kjedebrudd -1,6 km | |||||||||
27,68 km | sidespor til Muruvika | |||||||||
27,70 km | Muruvik (1921) | |||||||||
Sør-Trøndelag Nord-Trøndelag | ||||||||||
29,65 km | Gjevingåsen gamle tunnel (55 m) | |||||||||
30,5 km | (ca. 30 m) | |||||||||
31,54 km | Hell (1881) | 3,2 moh. | ||||||||
Nordlandsbanen | ||||||||||
705 Sandfærhusbrua | ||||||||||
Leksa (20 m) | ||||||||||
36,04 km | Eidum (1912) | |||||||||
Eidum Fv26 | ||||||||||
sidespor til Ystihammran | ||||||||||
Fv26 | ||||||||||
42,20 km | Hegra (1881) | |||||||||
Fv26 | ||||||||||
51,07 km | Sona (1897) | |||||||||
Fv20 (ca. 6 m) | ||||||||||
Sona (28 m) | ||||||||||
57,30 km | Flornes (1881) | |||||||||
Flornes Fv27 | ||||||||||
72,02 km | Gudå (1881) | |||||||||
Gudå Kommunal veg | ||||||||||
Stjørdalselva (83,8 m) | ||||||||||
Tunnelhaugen (114 m) | ||||||||||
Funna (56 m) | ||||||||||
81,08 km | Meråker (1881) | 219,6 moh. | ||||||||
Meråker Fv2 | ||||||||||
Kopperåa (20 m) | ||||||||||
Meråker smelteverk | ||||||||||
88,30 km | Kopperå (1899) | 328,5 moh. | ||||||||
93,81 km | Tovmodalen (1908) | |||||||||
96,80 km | Myra (1973) | |||||||||
97,68 km | Krigshaugen (1951) | |||||||||
100,44 km | Teveldal (1906) | |||||||||
102,23 km | Riksgrensa Sverige | |||||||||
105,97 km | Storlien | |||||||||
Mittbanan | ||||||||||
Åre | ||||||||||
Mittbanan | ||||||||||
Östersund | ||||||||||
Referansar
endre- ↑ https://www.jernbanedirektoratet.no/no/jernbanesektoren/jernbanenettet-i-norge/banestrekningene/merakerbanen/
- ↑ «EUROPEAN AGREEMENT ON IMPORTANT INTERNATIONAL COMBINED TRANSPORT LINES AND RELATED INSTALLATIONS (AGTC)» (PDF). UNECE. 2010. Henta 2. oktober 2019.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Tormod Røe: «Jernbanen til Sverige». I: Årbok for Nord-Trøndelag 2016, side 75-92
- ↑ Tormod Røe: «Meråkerbanen Trondheim-Storlien» I: Historisk årbok 2015, utgitt av historielagene i Stjørdalsbygdene
- ↑ Solberg, Mari Gisvold (4. mars 2015), «Nå kan du ta toget rett gjennom «Stora helvetet»», Tu.no (på norsk), henta 27. august 2021
- ↑ Trafikverket, «Nu är ett Stora Helvetet i nyskick invigt», Trafikverket (på svensk), henta 27. august 2021
- ↑ NTB; Pedersen, Ole Petter (2. september 2019), «Lover penger for å elektrifisere Meråkerbanen innen fire år», Tu.no (på norsk), henta 27. august 2021
- ↑ «Elektrifisering Trønder- og Meråkerbanen - Bane NOR», www.banenor.no, henta 27. august 2021
- ↑ Bane Nor; Brækkan, Thor, Pågående planlegging og utbygging (PDF), henta 27. august 2021
- ↑ Bane Nor, Nasjonal signalplan 2020 (PDF), henta 27. august 2021