Lillelord er den fyrste boka i ein romantrilogi skrive av Johan Borgen (1902-1979). Ho blei gitt ut fyrste gong i 1955. Boka Lillelord tar for seg ungdomstida til Wilfred Sagen, som frå barndommen ofte er blitt kalla Lillelord. I byrjinga av boka er Wilfred 14 år gammal, og handlinga er sett til tida før fyrste verdskrig. Han er ein del av ein rik, borgarleg familie, og bur saman med mora Susanna Sagen på Frogner i Oslo.

Lillelord
Forfattar(ar)Johan Borgen
Språknorsk
Utgjeven1955
NasjonalitetNorsk
ForlagGyldendal
Sider292

Dei to etterfølgjande bøkene i trilogien heiter De mørke kilder (1956) og Vi har ham nå (1957).

Bakgrunnsstoff endre