Lillesand–Flaksvandbanen

Lillesand–Flaksvandbanen var ein smalspora (1 067 mm) jarnbane frå Flaksvatn til Lillesand. Bygginga tok til sommaren 1893 og stod ferdig i juni 1896. Heile anlegget, lokomotiv, vogner, bane og bygningar, kosta kring 1 millionar kroner og var av aller enklaste slag. Mellom anna var dei tre personvognene dei minste i landet med 19 sitjeplassar i kvar.

Lillesand–Flaksvandbanen
Lillesand stasjon i 1902
Info
System smalspora
Utgangsstasjon Lillesand
Endestasjon Flaksvand
Drift
Opna 4. juni 1896
Eigar A/S Lillesand–Flaksvandbanen
Teknisk
Sporvidde 1067 mm
Lengde 16,59 km
Tog på Lillesand-Flaksvandbanen

Banen var bygd for tømmertransport, og persontrafikken var minimal. Han vart nedlagd i 1953.

Bakgrunnsstoff

endre