Lillesand–Flaksvandbanen
(Omdirigert frå Lillesand-Flaksvandbanen)
Lillesand–Flaksvandbanen var ein smalspora (1 067 mm) jarnbane frå Flaksvatn til Lillesand. Bygginga tok til sommaren 1893 og stod ferdig i juni 1896. Heile anlegget, lokomotiv, vogner, bane og bygningar, kosta kring 1 millionar kroner og var av aller enklaste slag. Mellom anna var dei tre personvognene dei minste i landet med 19 sitjeplassar i kvar.
Lillesand–Flaksvandbanen | |
Lillesand stasjon i 1902 | |
Info | |
System | smalspora |
Utgangsstasjon | Lillesand |
Endestasjon | Flaksvand |
Drift | |
Opna | 4. juni 1896 |
Eigar | A/S Lillesand–Flaksvandbanen |
Teknisk | |
Sporvidde | 1067 mm |
Lengde | 16,59 km |
Banen var bygd for tømmertransport, og persontrafikken var minimal. Han vart nedlagd i 1953.