Limousin er ein storferase som stammar frå regionen Limousin i Frankrike.

Limousinku
Limousinokse

I 1886 vart den første stamtavla til rasen oppretta i Frankrike. I dag er rasen kjend verda over som eit reint kjøtfe, men tidlegare blei feet gjerne brukt som trekkdyr.

Rasen er einsfarga gulbrun (frå raud til kvitleg) i fargen. Kyr når ei levandevekt på 650-800 kg, og ei skulderhøgde på rundt 137 cm. Oksar vert 1100-1400 kg med skulderhøgde kring 143 cm.

Viktige føremonar er at kyrne har breidt bekken og føder lett, og god kjøtkvalitet med lite feitt og lite bein. Dyra kan leve lenge og er tilpasningsdyktige. Først ved 5 års alder er kyrne heilt utvaksne og har nådd full vekt. Dei er gode ammekyr i kjøtproduksjonen.

Limousinfeet er av natur rolege dyr, og dei vernar kalvane godt mot potensielle fiendar. Då kan dei verte olme. Elles vert dei fort tamme og venner seg til traktorar og slikt og er nysgjerrige av vesen. Dyra kan vere storetarar,og ein skal vakte seg for å gi dei mykje mat på kort tid.

Den første importen av livdyr til Noreg fann stad i 1992, Norsk Limousinforening blei stifta i 1993.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • limousin-fe (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 21. juli 2013.