Trekkdyr eller dragdyr er temde dyr som i hovudsak vert nytta til å dra landbruksreiskapar som plog, ard, harv og andre reiskapar for jordarbeiding, og/eller til å dra vogner eller sledar for transport av personar eller last. Døme på trekkdyr er hest, okse, reinsdyr (køyrerein) og ymse hunderasar.

Okse som trekkdyr.
Reinsdyr som trekkdyr i Russland. Fotografi frå rundt 1900.

Trekkdyr, særleg hestar og oksar, kan òg nyttast som drivkraft for ulike typar maskineri, som til dømes treskjeverk, heiseinnretningar, gruvepumpar og anna, ved å gå i sirkel kring ein aksel som dei dreg rundt, slik det har vore vanleg i tidlegare tider. Hestevandring er ei vanleg nytta nemning for denne måten å nytte hesten på til drivkraft for maskineri.