Lina Olsson Rosenberg

Lina Olsson Rosenberg (fødd 27. desember 1971) er ein svensk-norsk tidlegare handballspelar frå Norrköping. Ho spelte 145 landskampar for Sverige og 24 for Noreg. Frå 1991 til 2004 spelte den venstrehendte rykkromspelaren på Larvik HK sitt sigerrike lag.

Lina Olsson Rosenberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. desember 1971 (52 år)
Norrköping
Idrett handball

Karriere endre

Klubbspel endre

Lina Olsson debuterte i den svenske eliteserien med Risbrinkspojkerna (RP) frå Linköping. I 1991 flytta ho til Noreg, til hardtsatsande Larvik Håndballklubb. Gjennom 13 sesongar i Larvik-klubben vann ho eit stort tal seriemeisterskap og fleire NM-pokalar. Olsson vart kåra til årets eliteseriespelar i 1996 og i 1997, i 1997 også kåra til årets svenske handballspelar.

Landslagsspel endre

Olsson fekk sin landslagsdebut i februar 1990. Ho deltok med det svenske landslaget både under VM 1993 i Noreg, EM 1994 i Tyskland, VM 1995 i Austerrike og EM 1996 i Danmark. Sidan vart det færre landskampar, den siste for Sverige i 1999. Totalt spelte ho 145 kampar og skåra 531 mål for Sveriges landslag.

Lina Olsson Rosenberg var norsk statsborgar i 2002. Ho takka ja til å spele på det norske landslaget. Under EM 2002, der Noreg tapte finalen mot arrangørlandet Danmark, var ho ein Noregs beste spelarar. Gjennom turneringa imponerte ho så mykje at ho fekk plass på «All star team». Fram til 2004 deltok ho i 24 av Noregs landskampar og skåra 92 mål.

Ho la opp i 2004, grunna ein akselskade.

Merittar endre

Kjelder endre