Lina Sandell
Karolina Wilhelmina Sandell-Berg (3. oktober 1832–26. juli 1903) var ein svensk diktar. Ho er kjend for sine kristelege songar og salmar, prega av den roseniusanske vekkinga.
Lina Sandell | |
Pseudonym | L.S. |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 3. oktober 1832 Fröderyds församling |
Død |
27. juli 1903 (70 år) |
Yrke | skribent, salmediktar, lyrikar, teolog, omsetjar, redaktør |
Språk | svensk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Jonas Sandell |
Mor | Fredrica Engstrand |
Ektefelle | C. O. Berg |
Lina Sandell på Commons |
Lina Sandell var fødd på Fröderyds prestegard i Småland, der far hennar (Jonas Sandell) var prest. Som barn var ho mykje sjuk, noko som førte til at ho fekk lite høve til leik, men desto meir var tilhøyrar til far sin og vaksne intellektuelle. Skolegangen fekk ho på kontoret til faren. Alt som 13-åring hadde ho skrive meir enn 30 songar i ei poesibok: Barndoms Forsök av Carolina Sandell. 1845.
Som vaksen fekk ho teneste som sekretær for faren, inntil ho 25 år gammal vart augnevitne til at faren drukna.
Lina Sandell heldt fram som diktar. Songane gav ho ut i hefte, og komponistar og songarar tok dei til seg. Ho vart tilsett som litterær medarbeidar i Evangeliska Fosterlandsstiftelsen. Gjennom dette arbeidet vart ho kjend med kristne leiarar i Sverige, og ho fekk reise utanlands. Her arbeidde ho til ho i mai 1867 vart gift med grosserar C.O. Berg.
Mot slutten av livet fekk mannen økonomiske problem, han vart slått konkurs og mistenkt for lovbrot. Dei mista alt av pengar og mange venner.
Lina Sandell sine songar
endreDet meste av diktinga til Lina Sadell vart publisert i blad og småhefte. Nokre få gonger gav ho sjølv ut salmesamlingar:
- Andeliga Vårblommor (1853)
- Samlade Sånger (1. del) (1882)
- Samlade Sånger (2. del) (1885)
I alt skal ho ha skrive rundt 1700 salmar eller songar, blant dei
|
|
Kjelder
endre- Kristen sang og musikk Runa forlag 1962