Salmer 1997 er er et offisielt tillegg til Den norske kyrkja si bok Norsk Salmebok og vart utgjeven i 1997. Salmeboka vart godkjend av Kyrkjerådet 15. november 1996 som liturgisk forsøkssak til bruk i dei kyrkjelydane som gjer vedtak om det. Boka er meint som eit tillegg til Norsk Salmebok. Ho har 283 nummer, av desse ein eigen bolk med 20 salmar på dei tre samiske språka som er i bruk i Noreg. Det er òg teke med salmar frå andre land og kulturar.