Linares sjakkturnering
Den årlege Linares sjakkturnering blir vanlegvis arrangert i månedsskiftet februar/mars. Namnet er henta frå byen Linares i Jaén-provinsen i Andalucia, Spania, der sjakkturneringa blir spela. Turneringa vart i åra 2006, 2007 og 2008 kalla Morelia-Linares sjakkturnering. Dette då første halvdelen vart avvikla i Morelia, Mexico. I 2009 foregår igjen alt i Spania.
Turneringa har nokre gongar blitt kalla sjakken sitt svar på Wimbledonturneringa i tennis eller Tour de France i sykkel. Dette er ei av dei aller sterkaste årlege turneringane, saman med Corus sjakkturnering og Dortmund sjakkturnering.
Turneringa, som blir sponsa av den spanske forretningsmannen Luis Rentero, vart første gong arrangert i 1978. Den første turneringa var inga eliteturnering, og vart vunne av den relativt ukjende svenske spelaren Jaan Eslon. Turneringa vart deretter arrangert i 1979, og så anna kvart år fram til 1987. Dette året vart det ikkje arrangert noko turnering, fordi Linares i staden arrangerte finalen i kandidatturneringa til verdsmeisterskapen i sjakk, mellom Anatolij Karpov og Andrej Sokolov. Sidan 1988 har turneringa blitt arrangert kvart år, med unntak for 1996, då verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner vart arrangert i staden.
I 1998 vart turneringa endra frå ei turnering alle mot alle, der spelarane møtte kvarandre berre ein gong, til ein dobbel alle-mot-alle turnering, der spelarane møtte kvarandre to gongar, ein gong med kvar farge. Deltakartalet vart samtidig redusert til 7.
Rentero er kjend for å vere ein sterk motstandar av raske avtalte remisar, så pass at han i 1991 hadde pengepremiar for å spele lenger parti.
Linares sjakkturnering er ei Grand Slam-turnering i sjakk, ei av turneringane som kvalifiserer vinnaren til Grand Slam-finala i sjakk i Bilbao.
Magnus Carlsen fekk sitt gjennombrot i verdseliten i sjakk, då han første gong deltok i Morelia-Linares-turneringa i 2007. Han tok ein delt andreplass i turneringa, med 7,5 poeng på 14 parti, etter å ha vunne 4 parti mot etablerte verdsstjerner, tapt 3 og spelt 7 remis. Eit høgdepunkt var sigeren mot dåverande verdseinar og tidlegare verdsmeister i sjakk Veselin Topalov.
I 2008 bekrefta Magnus Carlsen sin plass i verdseliten, no ved å ta andreplassen åleine, med 8 poeng av 14 moglege, etter 5 sigrar, 3 tap og 6 remisar. Høgdepunkta denne gongen var at han vann begge partia mot Veselin Topalov, og eit fint parti mot Levon Aronian.
Også i 2009 gjorde Magnus Carlsen det godt i Linares, med ein udelt tredjeplass med 7,5 poeng av 14 moglege. Høgdepunkta denne gongen var vinstar mot verdsmeisteren i sjakk Viswanathan Anand og mot turneringsvinnaren Aleksander Gristsjuk.
Vinnarar
endre- 1978 Jaan Eslon (på kvalitet framom Roberto Debarnot)
- 1979 Larry Christiansen
- 1981 Anatolij Karpov og Larry Christiansen
- 1983 Boris Spasskij
- 1985 Ljubomir Ljubojević og Robert Hübner
- 1988 Jan Timman
- 1989 Vassilij Ivantsjuk
- 1990 Garri Kasparov
- 1991 Vassilij Ivantsjuk
- 1992 Garri Kasparov
- 1993 Garri Kasparov
- 1994 Anatolij Karpov (den første kategori XXIII-turneringa)
- 1995 Vassilij Ivantsjuk
- 1997 Garri Kasparov
- 1998 Viswanathan Anand
- 1999 Garri Kasparov
- 2000 Garri Kasparov og Vladimir Kramnik
- 2001 Garri Kasparov
- 2002 Garri Kasparov
- 2003 Péter Lékó (med same poengsum som Kramnik; vann fordi han hadde fleire vunne parti)
- 2004 Vladimir Kramnik
- 2005 Garri Kasparov (same poengsum som Veselin Topalov; vann fordi han hadde fleire sigrar med svart)
- 2006 Levon Aronian
- 2007 Viswanathan Anand
- 2008 Viswanathan Anand
- 2009 Aleksander Gristsjuk (same poengsum som Vassilij Ivantsjuk; vann fordi han hadde fleire vunne parti)
- 2010 Veselin Topalov
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell heimeside
- Kvar er Linares? frå Chessbase
- Kort om historia og nyhende om 2008-turneringa på chessdom.com. Arkivert 2020-02-03 ved Wayback Machine.
- Krysstabellar frå 1978 til 2004
- Vinnarar og krysstabellar frå 1990-2006 Arkivert 2009-02-23 ved Wayback Machine.
- 36 sjakkvideoar på Youtube, 20 parti frå Linares 2007 og 16 parti frå tidlegare år.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Linares sjakkturnering» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2009.