Linda Trast Lillevik (fødd 9. juli 1964) er ein norsk samisk bibliotekar, journalist og barnebokforfattar frå Alta. Ho har òg arbeidd med amatørrevyar som skodespelar og tekstforfattar.[1]

Linda Lillevik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juli 1964 (59 år)
Alta kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, bibliotekar
Prisar Jack Berntsens kulturpris
Linda Lillevik på Commons

Linda Trast Lilleviks barnebøker varierer i tema og uttrykk, frå dyreeventyr til sorgbearbeiding og fotodokumentar. Dei mest kjende er ein serie på tre fotobiletbøker laga saman med fotografen Kjell Ove Storvik, om Kristine, ei jente med Downs syndrom: Klart jeg kan!, Klart vi tør! og Skoleklart.[2] Denne trilogien er omsett og utgjeven i Japan. Boka Evas reise er ein hyllest til Hurtigruta og tydinga hennar for Kyst-Noreg. Utgjevinga er på både norsk, engelsk og tysk i same utgåve. Ho har òg skrive ein biografi for barn og unge om kunstnaren Kaare Espolin Johnson (2007). Boka Skriv revytekster (2009) er ei inspirasjonsbok som gjev eit innblikk i skriveprosessen knytt til eit utval av revytekstane hennar. Hausten 2021 lanserte Lillevik si første samiske biletbok for barn, Nils på Njukčagáisá / Niillas Njukčagáissás. Denne er basert på forteljingar frå skodespelaren Nils Utsi sin barndom. Boka er utgjeven både på norsk og nordsamisk.

Linda Trast Lillevik er busett i Kabelvåg i Vågan i Nordland. Ho har fått Nordland fylkast forfattarstipend 2007 og stipend frå Norsk Revyforfattarfond 2009.

Bibliografi

endre
  • Velklang og lystig leven : glimt fra en 100-årings historie – 1994
  • Lofotjenta Julie – biletbok, 1995
  • Måsungen Åsmund – biletbok, 1998
  • Klart jeg kan! – biletbok, 1998
  • Evas reise – biletbok, 1999
  • Klart vi tør! – biletbok, 2000
  • Typisk pingvin! – faktabok for barn, 2002
  • Skoleklart! – biletbok, 2002
  • Kom farmor! – biletbok, 2005
  • Eventyrlige Espolin; glimt fra et kunstnerliv – fagbok for ungdom, 2007
  • Skriv revytekster! – fagbok, 2009
  • Fly med! : Skarvene fra Utrøst – biletbok, 2014
  • Fommel & Fjas – biletbok, 2016
  • Nils på Njukčagáisá/Niillas Njukčagáissás – biletbok basert på barndomsminne fortalde av Nils Reidar Utsi, 2021

Prisar

endre
  • «Heiderspris», Norsk Revyfaglig senter 2003[3]
  • Jack Berntsens kulturpris 2006
  • «Beste tekst», Revyfestivalen 2007[4]

Kjelder

endre
  1. Presentasjon av Linda Lillevik i Forfatterkatalogen på Forfattersentrums nettsider
  2. Klart jeg kan!; Eide forlag
  3. Lofotposten: Pris under revyfestivalen 2003
  4. Lofotposten: Pris under revyfestivalen 2007