Linda Grubben
Linda Grubben (fødd 13. september 1979) er ein tidlegare norsk skiskyttar på elitenivå. Grubben la opp etter verdsmeisterskapen i Anterselva i 2007, der ho vann ein gull-, ein sølv- og ein bronsemedalje.
Linda Grubben | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. september 1979 (45 år) Stavanger kommune |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 2006, biathlon at the 2002 Winter Olympics – women's relay, biathlon at the 2002 Winter Olympics – women's individual |
Bakgrunn
endreLinda Grubben, opphavleg Tjørhom, vart fødd i Stavanger og voks opp på Tjørhom i Sirdal kommune. Tjørhom gjekk på Sinnes skule i 9 år, og sykla ofte til skulen. Slik la ho grunnlag for ei idrettskarriere. Ho byrja med skiskyting då ho var kring 12 år gamal, etter å ha drive med langrenn i fleire år.
Etter grunnskulen flytta ho 3 mil til kommunesenteret Tonstad, for å gå på skigymnaset Sirdal VGS. Det var her ho møtte læraren Roger Grubben, som ho seinare vart sambuar og gifta seg med. Som elev ved Sirdal VGS fekk ho ei god utvikling i sporet, og ikkje minst på standplass der hennar styrke låg. Ho tok eit fjerde år ved skulen for å kunna konsentrera seg meir om skiskyting, og samstundes få gode karakterar. Seinare vann ho gull i junior-VM på stafett, saman med mellom anna Gro-Marit Istad Kristiansen.
Tjørhom har vore på det norske elitelaget frå 2000. Samstundes som ho har satsa på skiskytinga har ho utdanna seg som førskulelærar, ved høgskolen i Sør-Trøndelag. Ekteparet Grubben er busett i Sirdal.
Merittliste
endreBerre topp 3-plasseringar er tekne med. Både stafettresultat og individuelle resultat vert medrekna.
Olympiske leikar
- 1 sølv (2002)
VM i skiskyting
- 2 gull (2004, 2007)
- 2 sølv (2006, 2007)
- 2 bronse (2005, 2007)
Junior-VM i skiskyting
- 1 gull (1997)
- 3 sølv (Eit i 1998 og to i 1999)
- 1 bronse (1999)
Verdscupen i skiskyting, enkeltrenn
- 12 sigrar
- 7 andreplassar
- 14 tredjeplassar
Bakgrunnsstoff
endre- «Linda Tjørhom». olympedia.org. Henta 15. november 2022.