Lindelifjellet
Lindelifjellet er eit fjell i Gulen kommune i Vestland. Det ligg mellom Verkland og Fv2 i vest og Fjordsdalen sør for Instefjord i aust. Sør for fjellet ligg Smedsdalen med Smedsdalsvatnet. Største høgda er 733 meter over havet. Toppen av fjellet er relativt flat. Fjellet har bratte sider mot vest, sør og aust, medan det i nord gradvis går over i Høgefjellet (687 moh).
Lindelifjellet | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Lindelifjellet 60°57′59″N 5°27′37″E / 60.96631°N 5.46028°E |