Verkland
Verkland er ei grend i Gulen kommune i Vestland. Ho ligg øvst i dalen som fører opp frå austenden av Yndesdalsvatnet. Fv2 går gjennom bygda.
Verkland | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Postnummer | 5961 BREKKE[1] | ||
Preposisjon | på Verkland | ||
Matrikkelgarden Verkland er slektsgarden til Wergeland-slekta. I 1975 vart det reist ein bauta på Verkland til minne om Henrik Wergeland.[2]
Basert på førstelekken kan namnet ifølgje Oluf Rygh tyde «Land, hvorpaa der er lagt meget arbeide»[3]. I si utgreiing under avdukinga av Wergeland-bautaen nemnde Hans Wergeland at viss ein ser namnet i samanheng med to andre stadnamn på garden, Smedsdalen og Ulsterhaugen («ulster» = «blåster» eller «trekk») kan førstelekken «verk» ha samanheng med utvinning av jarn, noko som igjen kan tyde på at det i tidlegare tider har vore drive utvinning og tilverking av jarn på Verkland.[2]
Kjelder endre
- ↑ «Postnummerkart». Posten.no. Henta 12. november 2010.
- ↑ 2,0 2,1 Hermund Kleppa (2001): «Wergeland-støtta på Verkland», Sogn og Fjordane fylkesarkiv
- ↑ Oluf Rygh: Norske Gaardnavne, Nordre Bergenhus Amt, Lavik og Brekke Herred, nr.54, Kristiania 1919