Linesfjorden

fjord i Åfjord

63°59′36.344″N 9°56′50.759″E / 63.99342889°N 9.94743306°E / 63.99342889; 9.94743306

Stokkøybrua over Linesfjorden til Stokkøya

Linesfjorden er ein fjord i Åfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 15 km nordover på austsida av Linesøya, som han har namn etter, til Stokkøya.

Fjorden startar i sør mellom Løkholman i vest og Lauvøya i aust. På austsida av fjorden ligg Tårnes med Skråfjorden på andre sida av neset. Ratvika er ei lita grend på neset litt lenger nord i fjorden. Enno lenger nord ligg tre små fjordarmar på etter kvarandre. Den sørlegaste er Paulen, så kjem Herfjorden og til slutt Vikafjorden.

Sør for Linesøya grenser Linesfjorden til ei rekkje holmar og småøyar i vest. Den største av desse er Ståløya. Nord i fjorden ligg Stokksund på vestsida, og frå her går det veg over Purkholmen og Kjeholmen til Stokkøya ved Stokkneset. Her ligg bygda Harsvika på sørsida av øya. Frå Kjeholmen går det ferje over fjorden til Linesøya.

Mellom Linesøya og Stokkøya ligg sundet Lina, som går nordover til Flesafjorden.

Fv56 og Fylkesveg 723 går langs delar av austsida av fjorden.