Skråfjorden
63°57′8.8272″N 10°2′39.300″E / 63.952452000°N 10.04425000°E Skråfjorden er ein fjord i Åfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 16 km nordaustover til Grytan i botn av Grytfjorden.
Fjorden har innløp på kvar side av Lauvøya mellom Bringholmsråsa i vest og Ytre Selnesvågen i sør. Fjorden deler seg etter kvart i Morkafjorden på nordsida og Eidsfjorden på sørsida. Eidsfjorden går vidare til Grytfjorden. Fjorden går parallelt til Åfjorden som ligg litt lenger aust. Ved Dragseidet er det berre 300 meter over til Åfjorden.
Det ligg mange holmar og skjer i heile fjorden. Dei største av desse er Grimstadøya, som markerer den sørlege grensa til Eidsfjorden, Tørhoggøyan, som markerer den sørlege grensa til Morkafjorden, Lysøya og Madsøya. Ved Madsøya går vika Strumpen inn nordover, mellom Morkafjorden og Eidsfjorden. Nord for Tørrhoggøyan går Tørrhoggvågen nordvestover til Ratvika.