Liri
Liri (Latin Liris, tidlegare Clanis) er ei elv sentralt i Italia som munnar ut i Tyrrenhavet like nedanfor Minturno som elva Garigliano.
Liri | |||
elv | |||
Cascata Grande, ein 30 meter høg foss danna av Liri ved Isola del Liri.
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 140 km² | ||
Lengd | 120 km | ||
Middelvassføring | 50 m³/s | ||
Kjelde | Monti Simbruini | ||
• høgd | om lag 1 000 moh. | ||
Munning | Garigliano | ||
Liri 42°00′10″N 13°16′59″E / 42.0029°N 13.283°E | |||
Wikimedia Commons: Liri River |
Liri har sitt utspring i Monte Camiciola i Monti Simbruini sentralt i Appenninane (Abruzzo i kommunen Cappadocia) nær Fucinosjøen. Ho renn først søraustover parallelt til Appenninane fram til Sora, der ho mottar Fibreno. Det er bygd ei demning like etter Liri har mottat Sacco ved Ceprano. Den siste viktige sideelva til Liri er Melfa, som ho møter nær Aquino. Etter Cassino mottar ho vatn frå elva Gari (eller Rapido), og etter dette vert ho kalla Garigliano.
Liri-Garigliano-systemet har eit totalt nedslagsfelt på 5 020 km².
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Liri» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2007.