Lise Selnes

norsk politikar

Lise Selnes (fødd 11. november 1976) er ein lærar og politikar frå Vallset i Hedmark. Ho er frå 2021 stortingsrepresentant frå Hedmark for Arbeidarpartiet.

Lise Selnes
Fødd11. november 1976 (47 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Selnes var tilsett som lærar ved Nord-Odal ungdomsskule frå 1999. Ho var ordførar i Nord-Odal frå 2011, då godt over halvparten av veljarane røyste på Arbeidarpartiet. Både i 2015 og 2019 fekk ho fornya tillit som ordførar, både frå veljarane og partigruppa. Hausten 2021 vart ho vald inn på Stortinget som partiets tredjekandidat frå Hedmark. På Tinget har ho sete i Utdannings- og forskningskomiteen.

Kjelder endre