Opna hovudmenyen
Verknaden til liten storm på havet

Liten storm er vindstyrke 9 i Beaufortskalaen og den svakaste av stormkategoriane. Vindsnøggleiken er då 20,8–24,4 m/s eller 76-87 km/t. I eldre sjønemning heitte vindstyrken storsegls kuling.

VerknaderEndra

LandEndra

Heile store tre svaiar og hiv på seg. Takstein kan blåse av.

I fjelletEndra

Vind og snøfokk gjer det umogeleg å ta seg fram på ski over fjellet. Sjølv i klårvêr og lite snøfokk kan påkjenninga bli så stor at ei snøhole eller ei hytte er einaste redning.

På sjøenEndra

Vinden skapar høge bølgjer (7-10 m). Tette skumstrimer driv i vindretninga. Sjøen byrjar å rulle, og sjørokket kan føre til nedsett sikt.

Andre språkEndra

Språk Namn
Svensk Mycket hård vind (på land), halv storm (til sjøs)
Dansk Stormende kuling
Færøysk Stormur
Islandsk Stormur
Engelsk Strong gale

KjelderEndra