Little Bernera
Little Bernera (skotsk-gælisk Bearnaraigh Beag) er ei lita øy utanfor vestsida av Lewis i Ytre Hebridane i Skottland.
Little Bernera Lokalt namn Bearnaraigh Beag | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°16′N 6°52′W / 58.27°N 6.87°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 1,38 km²
|
Høgaste punkt | Tordal (41 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Little Bernera ligg mellom fjordane West og East Loch Roag, like nord for Great Bernera. Øya har ei høgd på 42 meter over havet og eit areal på 138 hektar.
For eit par hundreår sidan vart øya nytta som gravplass for innbyggjarane i Carloway, før det vart lagt til gravplass i denne landsbyen. Ein kan framleis sjå gravsteinane på øya, men dei er i ferd med å forsvinne i jorda.
Ved Traigh an Teampaill finst ruinane av eit kapell og ein liten gravplass.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Little Bernera» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2010.