Liv Hatle
Liv Kristin Hatle (fødd 26. februar 1936) er ein norsk kardiolog og forskar fødd i Kirkenes. Ho var ein pioner innan bruk av Doppler- og ultralydteknikk til hjartediagnostikk og har publisert over 125 vitenskapelege artiklar og bøker innan dette emnet. Boka Doppler ultrasound in cardiology: physical principles and clinical applications som ho og Bjørn Angelsen gav ut i 1985 var banebrytande.
Liv Hatle | |
Fødd | 26. februar 1936 |
---|---|
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | lege |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Liv Hatle fekk Noregs allmennvitskaplege forskningsråds pris for framifrå forsking i 1996 og vart same år også æresdoktor ved NTNU. I 1997 fekk ho Anders Jahres medisinske pris. I 2008 fekk ho saman med Bjørn Angelsen Nasjonalforeningens Hjertepris for sitt arbeid med å utvikle kardiologisk ultralyddiagnostikk. Prisen vart delt ut av Kong Harald.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Liv Hatle» frå Wikipedia på bokmål, den 19. april 2008.
- Siw Ellen Jakobsen (1999). «Med hjerte for teknikk og medisin». Bladet Forskning. Arkivert frå originalen 2007-09-03. Henta 10.08.2006.
- Tom Sundar (2. mars 2004). «Kardiolog med høy internasjonal stjerne». Tidsskrift for Den norske lægeforening. Arkivert frå originalen 2006-05-22. Henta 10.08.2006.
- Sandra Mei Ling Noer (2008). «Kongen deler ut hjertepris». NRK. Henta 05.02.2008.