Liv Kreken (fødd 8. mai 1969) er ein norsk songar, tekstforfattar og komponist, busett i Oslo.

Liv Kreken

Fødd 8. mai 1969 (54 år)
Yrke musikar

Kreken er fødd i Bergen og oppvaksen i Jostedalen i Sogn, men har budd på Austlandet sidan 1995.

Ho har gitt ut fleire album og halde mange konsertar i Noreg og Norden. Liv har mellom anna fått låtskrivarklubben Nye Skalders ærespris og har motteke stipend frå Norsk komponistfond. Ho har også vore organisatorisk aktiv og sete i styret for Nordvisa, Nye Skalder, Visens Venner og Soon Viseklubb.

Andre artistar nyttar gjerne Livs songar, og fleire av dei er omsette til svensk. Snøenglar er og omsett til dansk og tysk.

Kreken er utdanna pedagog og økonom og har arbeidd innanfor desse fagfelta, og jobba i over fem år ved Kompetansesenteret for idé- og forretningsutvikling i Oslo som informasjonsansvarleg og seinare dagleg leiar. Ho arbeider som forskingsbibliotekar i musikkseksjonen ved Nasjonalbiblioteket i Oslo.

Etter 2004 har ho arbeidd med kultur i ulike samanhengar, både i kommunal forvaltning, arrangering av musikkfestivalar og med formidling av musikk og nysirkus i firmaet Ingen Sjiraffer. Plateselskapet Ingen Sjiraffer gav hovudsakleg ut andre artistar.

Kvalnes gav ut sin fyrste CD Søt & Snill på Normann Records i oktober 2010, og Dim Sum kom på Kirkelig Kulturverksted i februar 2013. I 2022 kom EP-en Jammer og Jug på Fonogram. Ho har vore aktiv i visemiljøet både i Oslo og resten av Norden og har vore styreleiar for Nye skalder i Oslo og sete som Norges representant i Nordvisa. Frå 2003 var ho styreleiar ved Norsk visearkiv, der ho i periodar arbeidde med administrative oppgåver. i 2014 vart Norsk visearkiv ein del av Nasjonalbiblioteket, og Liv Kreken har vore tilsett der som Forskningsbibliotekar med ansvar for vise. og sangtradisjon sidan då.

Diskografi endre

Singlar:

  • Snøenglar (2007)
  • Heime i vest (2020)
  • Kom tilbake (2020)
  • Raudstrupen (2020)

Eigne album:

  • Søt & Snill (Normann Records, 2010)
  • Dim Sum (Kirkelig Kulturverksted, 2013)
  • Jammer og Jug (Fonogram, 2022)

Andre utgjevingar på Ingen Sjiraffer:

  • Arne Kvalnes – Altfor Norge (2006)
  • Crimson – Higher (2008)
  • Crimson – Butterfly (2009)
  • Vegard Iversen – Hammock (2011)

Kjelder endre