Livio Berruti (fødd 19. mai 1939) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Torino som vart olympisk meister på 200 meter under 1960-leikane i Roma.

Livio Berruti

Statsborgarskap Kongedømet Italia, Italia
Fødd 19. mai 1939 (85 år)
Torino
Yrke friidrettsutøvar, sprintar
Språk italiensk
Høgd 180 centimeter
Livio Berruti på Commons

Berruti gjorde sitt livs løp då han vann gullmedaljen på 200 meter under Sommar-OL 1960 i Roma. Vinnartida 20,5 sekundar var tangering av verdsrekorden, sølvvinnar Lester Carney frå USA fekk notert 20,6 og Frankrikes Abdoulaye Sèye 20,7.

Kjelder

endre