Livssynssamfunn

organisert gruppe som har ett livssyn

Livssynssamfunn er ei organisert gruppe personar som er kjenneteikna av eit i hovuddraga sams syn på korleis tilværet er innretta og den plassen og lagnaden mennesket har i verda, som til dømes slike spørsmål som om det eksisterer ein eller fleire guddommar eller ikkje, om det er eit liv før og/eller etter det jordiske livet, og så bortetter. I prinsippet femner soleis omgrepet livssynssamfunn om både sekulære (ikkje-religiøse) og religiøst forankra livssyn og livssynsgrupper. Men det er òg vanleg å skilje mellom livssynssamfunn og trussamfunn, slik at omgrepet livssynssamfunn berre dekkjer dei sekulære (ikkje-religiøse) livssynssamfunna (i Noreg til dømes Human-Etisk Forbund og det ikkje-religiøse livssynet dette forbundet står for), medan omgrepet trussamfunn vert nytta om dei livssynssamfunna som står for livssyn som er forankra i ein religion.

I Noreg har omgrepet «trussamfunn» eller «trudomssamfunn» vore nytta sidan 1970 for å visa til organiserte grupper som kan få statleg støtte om dei oppfyller krava i Lov om trudomssamfunn og ymist anna.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre