Sekulær er eit ord som hovudsakleg tyder verdsleg, altså noko som ikkje har med religion å gjera. Eit sekulært samfunn er eit samfunn der det er liten eller ingen samanheng mellom lovar og styresmakter på den eine sida, og religiøse påbod og leiarar på den andre sida. Sekularisering er nemninga på prosessen der eit samfunn blir mindre religiøst. Sekulariseringa og demokratiseringa av samfunna er to prosessar som historisk heng saman.

██ Statsreligion ██ Sekulær stat ██ Tvitydig eller utan data

Ein sekulær stat er ein stat som er nøytral i forhold til religion. Ein stat må vere sekulær for å vere fullt ut demokratisk, sjølv om sekularisme i seg sjølv ikkje er ein tilstrekkeleg føresetnad for demokrati.

I Noreg var det diskutert om statskyrkjeordninga og kristendomsfaget (KRL) i den offentlege skulen var i strid med menneskerettane og demokratiet. Sommaren 2007 felte Menneskerettsdomstolen i Strasbourg dom om KRL-faget, og fann det i strid med menneskerettane, som krev religions- og livssynsnøytralitet i det offentlege. Human-Etisk Forbund kravde difor at faget blei endra til eit nøytralt livssynsorienterande fag. Frå skulestart i august 2008 heitte faget RLE (religion, livssyn og etikk), men frå skulestart i august 2015 blei K-en for kristendom gjeninnført. Så no heiter skulefaget KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk).

OrdsogeEndra

'Sekulær' er avleia av saeculum, det etruskiske og seinare latinske ordet for eit avgrensa tidsrom, til dømes levetida til ein person, eller tida frå ein by blei grunnlagd til alle som hadde opplevd dette var døde. Seinare fekk det ei tyding som låg rundt eitt hundreår (sekel), gjerne mellom 90 og 100 år.

Den moderne tydinga av ordet sekulær kjem frå at det som hadde med hundreåret å gjera var knytte til eit kort tidsperspektiv samanlikna med det evige guddomlege.

KjelderEndra