Liza Marklund

svensk journalist og forfattar

Eva Elisabeth Marklund, kjend som Liza Marklund, (fødd 9. september 1962) i Pålmark utanfor Piteå i Norrbotten, er ein svensk journalist og krimforfattar.

Liza Marklund
Liza-Marklund.jpg
Fødd 9. september 1962 (59 år)
Piteå
Yrke skribent, journalist
Sjanger Kriminalroman
Liza Marklund på Commons

Dei fleste av bøkene hennar krinsar om tabloidjournalisten Annika Bengtzon.

Liza Marklund har engasjert seg i samfunnsdebatten kring avfolkningsproblematikken i Norrlands innland, og menns mishandling av kvinner.

Alle bøkene hennar er omsette til norsk.

BøkerEndra

  • Gömda (Norsk På flukt) (1995, ei omarbeidd utgåve kom i 2000. Norsk utgåve 1997), skriven saman med Maria Eriksson.
  • Sprängaren (Norsk Sprengeren) (1998. Norsk utgåve 2000)
  • Studio sex (1999. Norsk utgåve 2000)
  • Paradiset (2000. Norsk utgåve 2002)
  • Prime time (2002. Norsk utgåve 2003)
  • Den röda vargen (Norsk Den røde vargen) (2003. Norsk utgåve 2004),
  • Asyl (Norsk Aldri mer fri) (2004. Norsk utgåve same år)
  • Det finns en särskild plats i helvetet för kvinnor som inte hjälper varandra - En bok med Lotta Snickare (2005)
  • Nobels testamente 2006
  • Livstid 2007
  • En plats i solen 2008
  • Postcard killers (2010) – medforfattar James Patterson
  • Du gamla, du fria (2011) [1]
  • Lyckliga gatan (2013)

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  • Liza Marklund henta frå svensk Wikipedia 5. juni 2005.
  • Bibsys, katalogen til dei norske fag- og forskingsbiblioteka.