Ljabru er eit strøk i bydel Nordstrand i Oslo, og ein av grunnkretsane i Oslo. Grunnkretsen samanfell ikkje heilt med det området som til vanleg vert oppfatta som Ljabru. Grunnkretsen er avgrensa mot vest av Ekebergveien, men i daglegtale vert òg enkelte område vest for denne vegen rekna med til Ljabru. Likevel strekkjer grunnkretsen seg austover heilt til Munkerudvollen, som til vanleg vert rekna for å tilhøyra Munkerud.

Ljabru hovudgard.
Brua over Ljanselva ved Ljabru

Ekebergbanen vart forlengd i 1941, fekk endestasjonen namnet Ljabru, etter garden nede ved Ljanselva noko lengre sør. Ljabru tyder brua over Ljǫrn, som er det gamle namnet på Ljanselva (Ljarnarbru). I området ligg òg den opphavlege Ljabru hovudgard, ein praktfull storgard som i dag blant anna husar barnehage.

J. N. Wilse skreiv ei ferdskildring frå området i 1764, og han meinte at den trebrua som var der då, burde erstattast av ei i stein. Den nye brua vart bygd som ei steinhvelvbru i 1804, og vegen over ho var Den Fredrikshaldske kongeveg. Brua er enno i bruk, og det er denne brua som er gjeven i logoen til Oslo Bydel Søndre Nordstrand.