Ljakhovskijøyane
Ljakhovskijøyane (russisk Ляховские острова Ljakhovskije ostrova) er den sørlegaste gruppa i Nysibirøyane i Laptevhavet i Russland. Mellom øyane og fastlandet ligg Laptevsundet som er 60 km breitt. Sannikovsundet går mellom øyane og Anzjuøyane lenger nord.
To øyar dominerer øygruppa:
- Bolsjoj Ljakhovskij (Большой Ляховский: Bolsjoj Ljakhovskij) 4600 km² med Emy Tas som det høgaste punktet på 270 meter over havet.
- Malyj Ljakhovskij (Малый Ляховский: Malyj Ljakhovskij) 1325 km²
Andre øyar i gruppa er Stolbovojøya og Semjonovskijøya. Sørvest for Ljakhovskijøyane ligg den vesle øya Ostrov Khopto-Terer. Øyane er kalla opp etter Ivan Ljakhovskij, som utforska dei i 1773.
Delar av handlinga i dei to romanane Waif of the Cynthia (1885) og César Cascabel (1890) av Jules Verne fann stad der.