Jules-Gabriel Verne (8. februar 182824. mars 1905) var ein fransk forfattar. Han skreiv eventyrlege romanar om reiser verda rundt, under havet, jorda og i verdsrommet. Ved å bruka mange tekniske nyvinningar som inspirasjon for bøkene sine er han blitt ein av opphavsmennene til science fiction-romanen. Verne er kjend for bøker som Jorda rundt på 80 dagar, Jorda rundt i kavbåt, Den løyndomsfulle øya og Kaptein Grant og borna hans. Fleire av romanane hans er blitt filmatiserte, nokre av dei fleire gonger.

Jules Verne

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 8. februar 1828
Nantes
Død

24. mars 1905 (77 år)
Amiens

Yrke romanforfattar, skodespelforfattar, lyrikar, librettist, barnebokforfattar, geograf, skribent, science fiction-forfattar, esperantist
Språk fransk, esperanto
Medlem av Académie des sciences, des lettres et des arts d'Amiens, Société de géographie
Religion katolisisme
Far Pierre Gabriel Verne
Mor Sophie Allotte de La Fuye
Ektefelle Honorine du Fraysne de Viane
Jules Verne på Commons

Verne var fødd i Nantes i Frankrike og voks opp på ei øy i elva Loire. Han døydde i Amiens.

Verkliste endre

Utval av verk som finst på norsk endre

Dei verka som har kome i norsk omsetjing, har i stor mon vore avstytta og omarbeidde utgåver. Av mange av bøkene finst det fleire omsetjingar og reviderte opplag, og dei har òg hatt ymse ulike namn. Fleire av nynorskomsetjingane gjekk som framhaldsforteljingar i Norsk Barneblad før dei kom ut som bøker. I lista nedanfor kjem det franske namnet først, så dei nynorske (om det finst), og så bokmålsnamn.

 
Verne skildra romfart før menneska hadde forlate jordoverflata.

Ei meir utførleg liste over omsetjingar kan ein finna hjå Norsk Oversetterleksikon.

Vidarforlaget held for tida på med nye omsetjingar til bokmål av bøkene som Jules Verne kalla «les voyages extraordinaires», reiseeventyra.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jules Verne
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.