Ljusterö er ei øy i Sverige. Ho ligg nord i Stockholms skjergard i Österåker kommun i Stockholms län. Øya ligg om lag 65 km nord for sentrum av Stockholm.

Ljusterö
øy
Ljusterö kyrkje
Land  Sverige
Len Stockholms län
Kommune Österåker kommun
Del av Stockholms skjergard
Koordinatar 59°31′33″N 18°37′25″E / 59.52583°N 18.62361°E / 59.52583; 18.62361
Areal 62,05 km²
Folketal 1 591
Kart
Ljusterö
59°31′34″N 18°37′25″E / 59.526111111111°N 18.623611111111°E / 59.526111111111; 18.623611111111
Ljusterö.
Ljusterö.
Ljusterö.
Wikimedia Commons: Ljusterö

Med eit areal på 62 km², er den 17. største øya i Sverige.[1]

Det går ferjesamband til fastlandet frå Östanå og båt til sentrum av Stockholm.

Ho har kring 1500 fastbuande, medan 25 000-30 000 vitjar øya og dei mange sommarhusa her om sommaren.

Historie

endre

Ljusterö var ein eigen kommune fram til 1967, då han vart ein del av Österåker kommun. I 1974 vart heile Österåker kommun ein del av Vaxholm kommun, men sidan 1983, har Ljusterö vore ein del av den nye Österåker kommun.

Ljusterö vindmøllepark

endre

Det er planlagt ein vindmøllepark på Ljusterö med 23 vindturbinar, som kvar kan produsere to megawatt. Prosjektet er kraftig kritistert av dei mange sommarturistane.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. «Statistisk årsbok 2011» (PDF) (på svensk). SCB. s. 12. Arkivert frå originalen (PDF) 2. april 2012. Henta 6. april 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre