Llyn Llywenan er ein innsjø vest på Anglesey i Wales om lag 1 km nord for landsbyen Bodedern og 9 km aust for byen Holyhead. Han er 1,1 km lang og 400 meter brei med ei flate på 0,4 km². Innsjøen er den største naturlege innsjøen på øya. Dei større Llyn Alaw og Llyn Cefni er begge menneskeskapte.

Llyn Llywenan
innsjø
Llyn Llywenan
Land  Storbritannia
Koordinatar 53°18′20″N 4°28′50″W / 53.30556°N 4.48056°W / 53.30556; -4.48056
Kart
Llyn Llywenan
53°18′20″N 4°28′50″W / 53.305555555556°N 4.4805555555556°W / 53.305555555556; -4.4805555555556
Wikimedia Commons: Llyn Llywenan

Innsjøen har status som Site of Special Scientific Interest og ligg 34 meter over havet.[1] Han vart vald som SSSI på grunn av uvanlege vassplanter som finst her og at han er særs grunn, slik at han dei neste hundreåra kan mudre heilt til.[2]

Det ligg to gravhaugar frå steinalderen like sør for innsjøen.

Kjelder

endre