Loch Ard (skotsk-gælisk Loch na h-Àirde) er ein innsjø i Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark i Stirling i Skottland.

Loch Ard
innsjø
Vestover frå Ledard  
Land  Skottland
Område Stirling
Utløp River Forth
Koordinatar 56°10′35″N 4°29′54″W / 56.17635°N 4.49845°W / 56.17635; -4.49845
Byar Kinlochard, Blairhullichan, Ledard, Milton
Kart
Loch Ard
56°11′04″N 4°28′22″W / 56.1844°N 4.4728°W / 56.1844; -4.4728
Wikimedia Commons: Loch Ard

Innsjøen er om lag 4 km lang og 2 km brei og går hovudsakleg frå aust til vest gjennom ein skjerma dal. Han vert rekna som kjelda til River Forth og ligg nedanfor Loch Chon. Den største øya i innsjøen heiter Eilean Gorm (Bluey /Green Island).

Det ligg ein segle- og roklubb ved innsjøen. Landsbyane Kinlochard og Milton ligg ved breidda. Landsbyen Aberfoyle ligg 3 km aust for innsjøen, medan fjellet Ben Lomond ligg i vest.

Loch Ard er omgjeve av familievenleg sykkelstiar.

Namnet på innsjøen kjem frå àrd, det skotsk-gæliske ordet for 'høg'. Klipperen «Loch Ard» frå 1800-talet vart kalla opp etter innsjøen. Det forliste i Australia ved det som sidan den gong heiter Loch Ard Gorge.

Kjelder

endre