Loch Creran er ein sea loch eller ein fjord i Argyll, på vestkysten av Skottland. Han er om lag 10 km lang frå botn ved Invercreran til munningen ved Lynn of Lorne, ein del av Loch Linnhe. Fjorden ligg mellom Benderloch i sør og Appin i nord. Øya Eriska ligg i munningen av fjorden. Det går ei bru over fjorden på det smalaste punktet ved Creagan. Landsbyen Barcaldine ligg på sørsida av fjorden.

Kjelder

endre

56°31′38.8″N 5°20′21.2″W / 56.527444°N 5.339222°W / 56.527444; -5.339222