Loch Garry (skotsk-gælisk Loch Garraidh) er ein innsjø 25 km nord for Fort William i Lochaber i Skottland og er 11 km lang og 50 meter djup. Han får vatn frå Loch Quoich 10 km lenger opp River Garry og vert drenert ut i Loch Oich i Great Glen berre 5 km lenger nede. Loch Garry er eit populært fotomotiv frå A87, mellom anna fordi perspektivet frå denne staden gjer at innsjøen liknar eit kart over Skottland.

Loch Garry
innsjø
Utsyn vestover frå A87
Land  Skottland
Lengd 11 km
Koordinatar 57°05′N 4°55′W / 57.083°N 4.917°W / 57.083; -4.917
Kart
Loch Garry
57°04′36″N 4°55′03″W / 57.076546°N 4.917525°W / 57.076546; -4.917525
Wikimedia Commons: Loch Garry, Lochaber

Begge innsjøane er demd opp for vasskraftutnytting og dammen ved Loch Quoich er den største steinfyllingsdammmen i Skottland med ei lengd på 320 m og ei høgd på 38 m. Vatnet renn via ein tunnel til to kraftverk som kvar produserer 20MW. Anlegget stod ferdig i 1962.

The Glen var tidlegare heimstaden til Clan MacDonnell of Glengarry, men etter Highland Clearances er det berre få innbyggjarar att. Hovudaktiviteten her er hjortejakt og skogbruk, og her er lite turisme.

Det finst òg ein liten Loch Garry nær Pass of Drumochter i øvre delar av Tay-vassdraget.

Bakgrunnsstoff

endre