Loch Lubnaig er ein innsjø nær Callander i Stirling i Skottland. Han ligg i det tidlegare grevskapet Perthshire.

Loch Lubnaig
innsjø
Sørenden av innsjøen
Land  Skottland
Tilsig River Balvaig
Utløp River Leny
Lengd km
Koordinatar 56°17′30″N 4°18′0″W / 56.29167°N 4.30000°W / 56.29167; -4.30000
Kart
Loch Lubnaig
56°17′30″N 4°17′40″W / 56.291638°N 4.294395°W / 56.291638; -4.294395
Wikimedia Commons: Loch Lubnaig

Innsjøen er kring 5 km lang og har ei djupne på opp til 44,5 meter. Innsjøen ligg mellom Ben Ledi og Ben Vorlich. Han får vatn frå River Balvaig frå nord og vert drenert av River Leny i sør. Det er mogeleg å fiske langs breidda av innsjøen, medan det er høve til å leige kano i nordenden.

Ben Vorlich oppfor Loch Lubnaig

Den tidlegare Callander- og Oban-banen går langs vestsida av innsjøen. Denne er no omgjort til sykkelveg.

Kjelder

endre