Opna hovudmenyen
Utsyn mot Lochau

Lochau er ein kommune i distriktet Bregenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 10,3 km² med i kring 5 700 ibuarar i 2016.

Byen Lochau ligg ved austbreidda av Bodensjøen, 416 meter over havet. Landskapet i kommunen reiser seg opp mot ein åsrygg, som i søraust toppar seg i Pfänder, ein framifrå utsiktsstad med sine over 1000 meter over havet. Halvparten av flatevidda i kommunen er dekt med skog, mest lauvskog.

KjelderEndra