Loches er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Indre-et-Loire i regionen Centre og har om lag 6 000 innbyggjarar. Byen ligg 45 km søraust for Tours ved den venstre breidda til Indre.

Loches
Kyrkjetårnet til St. Antoine i Loches
Kyrkjetårnet til St. Antoine i Loches
Kyrkjetårnet til St. Antoine i Loches
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Centre
Indre-et-Loire
Geografi
Flatevidd 27,06 km²
Flatevidd
 - By

27,06 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

6 328
  234/km²
Koordinatar 47°08′N 00°59′E / 47.133°N 0.983°E / 47.133; 0.983
Høgd over havet 64 m - 147 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 37600
Heimeside: www.ville-loches.fr

Historie endre

Loches (romersk Leucae) voks opp rundt eit kloster grunnlagd rundt 500 av St. Ours og høyrte til grevane av Anjou frå 886 til 1205. I 1205 vart han erobra av Kong John av England frå Filip Augustus, og frå midten av 1200-talet fram til og med Karl IX av Frankrike var slottet i byen residens for kongane av Frankrike.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Loches