Lockheed F-117 Nighthawk
F-117 Nighthawk er eit amerikansk angrepsfly. Flyet var det første luftfartøy i verda som var utvikla for å utnytta stealth-teknologi, som gjer flyet vanskeleg å observera på radar. Utvikling av flyet starta i 1978 og det vart første gong floge i 1981. Først i 1988 vart eksistensen til flyet offentleg kunngjort. Det siste flyet vart overlevert U.S. Air Force (USAF) i 1990. Utfasinga av F-117 vart fullført i 2008.[1]
Referansar
endre- Denne artikkelen bygger på «Lockheed F-117 Nighthawk» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2017.