Stealth-teknologi

Stealth-teknologi dekkjer eit breitt spekter av teknikker som vert nytta til å gjera fly, skip og missil mindre synlege på radar, infraraud teknologi eller andre teknologier som er meint å sjå dei.[1]

F-117 Nighthawk er eit døme på eit kampfly med stealth-teknologi

Eit fartøy med stealth-teknologi vil typisk vere designa frå byrjinga til å ha ein så liten signatur som mogeleg på radar og infraraude overvakingssystem.[2]

Stealth-teknologi på kampfly endre

Mykje av teknikken er at flyet får runde og glatte kantar, slik at radarbølgene vert skubba vekk frå flyet til alle kantar, og ikkje vert reflekter attende til radaren. Dersom flyet skal nyttast i kamp, til dømes F-22 og F-35, er det òg montert avkjøling på etterbrennaren, slik at vermesøkjande missil ikkje lett kan låsast fast til flyet som mål.

Referansar endre

  1. Rao G.A.; Mahulikar S.P. (2002). «Integrated review of stealth technology and its role in airpower». Aeronautical Journal 106 (1066): 629–641. 
  2. Mahulikar S.P.; Sonawane H.R.; Rao G.A. (2007). «Infrared signature studies of aerospace vehicles». Progress in Aerospace Sciences 43 (7–8): 218–245. Bibcode:2007PrAeS..43..218M. doi:10.1016/j.paerosci.2007.06.002.