Lofjorden

Lofjorden er ein liten fjordarm av Åsenfjorden i Levanger kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg om lag 1,5 km austover til grenda Lo, som han er kalla opp etter.

Fjorden har innløp mellom Lauvtangen i sør og Langøya i nord. Sør for Lo ligg grendene Skjesol og Undlinan. Koordinatar: 65°35′20″N 10°54′01″E