Lofotens budstikke

Lofotens budstikke var ei norsk lokalavis som kom ut i Vestvågøy i perioden 1895-1897[1]. Ho var den fyrste avisa som vart utgjeven i Vestvågøy. Redaktør var Chr. Christoffersen, som òg var lærar og formann i likningsnemnda. Avisa var skriven for hand av redaktøren[1]. Etter planen skulle ho koma ut to gongar for månaden, men utgjevinga var uregelmessig, både av di redaktøren var oppteken med arbeidet i likningsnemnda og skulen, og nokre gongar av mangel på papir. Lofotens budstikke var ei venstreavis, i samsvar med den politiske ståstaden til redaktøren. Mykje av stoffet handla om kommunale saker, men òg om tilhøvet mellom Noreg og Sverige, som på denne tida ikkje var det beste[1].

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 I.M. Nilsen, Håndskrevet og først på Vestvågøy, i D. Sørli (red.), Lofotboka - 95, Årbok for Lofoten 17 årg., Lofotboka forlag 1995.