Logroño
Logroño | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | La Rioja | ||||
Provins | La Rioja | ||||
Grunnlagd | 1095 | ||||
Borgarmeister | Tomás Santos | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
79,57 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
150 071 1 886 /km² | ||||
Koordinatar | 42°27′N 2°26′W / 42.450°N 2.433°W | ||||
Høgd over havet | 384 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 26001-26009 | ||||
Nettstad: www.logroño.org |
Logroño er ein by nord i Spania ved elva Ebro. Han er hovudstad i den autonome regionen La Rioja, tidlegare kalla provinsen Logroño.
Byen har kring 150 000 innbyggjarar og er handelssenter for Rioja-vinen, som området er kjent for. Her vert òg produsert tømmer, metall og tekstilar.
Geografi
endreLogroño ligg nord i regionen La Rioja, ved elva Ebro, 384 meter over havet. Camino de Santiago går gjennom byen. Byen ligg 152 km frå Bilbao, 336 km frå Madrid og 468 km frå Barcelona.
Historie
endreLogroño er ein gammal busetnad, først under romarane med namnet Vareia, og så av keltarar. Frå 900-talet kjempa Kongedømet Navarra og Kongedømet Castila om byen. Regionen vart til slutt annektert av Castilla. Alfonso VI av Castilla gav Logroño byrettar i 1095 som fungerte som modell for andre spanske byar. I 1609 og 1610 var Logroño hovudsete for inkvisisjonen, der påståtte baskiske heksar vart brende.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Logroño» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2009.