Greplyngslekta
planteslekt
(Omdirigert frå Loiseleuria)
Greplyngslekta (Kalmia eller Loiseleuria) er ei planteslekt i lyngfamilien. Ho har rundt 8 artar. Plantane er eviggrøne buskar som kan vera frå 0,2 til 5 meter høge. Dei fleste artane veks i Nord-Amerika og Cuba. Greplyngartar veks i surt jordsmonn. Nokre artar (K. angustifolia, K. polifolia) trivst i myrområde medan andre (K. ericoides, K. latifolia) veks i tørr sandjord.
Greplyngslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
Underfamilie: | Ericoideae |
Stamme: | Phyllodoceae |
Slekt: | Greplyngslekta Kalmia L., 1753 |
Namnet «Kalmia» blei gjeve av Linné til ære for botanikaren Pehr Kalm, som sanka han i Nord-Amerika på midten av 1700-talet.
Norsk art i greplyngslekta
endreBerre ein art frå slekta veks i Noreg:
- Greplyng (Kalmia procumbens)
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Svensk Wikipedia.
- Fransk Wikipedia.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Kalmia» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2015.