Lommetørkle
Lommetørkle er eit lite stykke av tøy eller papir som ein kan bera i lomma for å snyta eller tørke seg, i staden for å bruka kleda sine eller liknande. Det kan også vera ein dekorativ del av klesdrakten.
Historikk og variantar
endreLommetørkle er kjente frå det første hundreåret f.Kr. Då blei dei brukte til å tørka bort sveitte.[1] Frå ca. år 300 e.Kr. er dei òg omtalte som ein reiskap til å reinsa nasen med. Lommetørkle blei opphavleg borne i handa, over armen eller liknande. Først då enkelte draktplagg fekk lommer på slutten av 1600-talet, kunne dei plasserast der. Ulike tørkletypar var tidlegare fint luksustilbehøyr til klesdraktene, og lommetørklea som blei borne synlege, fekk ofte ein reint dekorativ funksjon. Utsjånaden og bruksmåtane har veksla fram mot vår tid.
Lommetørkle kan òg brukast som pynt til dressjakker. Dei blir då gjerne bretta slik at ein flik stikk over kanten, medan resten er stappa i brystlommen. Nokre skjortefabrikanter leverer pyntelommetørkle i same stoff og mønster som skjorta.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lommetørkle» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juni 2021.