Opna hovudmenyen
Lommeur.
Eit sjukehus-ur, «syster-ur», med instruksjonar på latin for å måle pulsen til pasientane.

Lommeur er små klokker (ur) laga for å takast med i ei lomme på eit plagg.

Lommeur er vanlegvis utstyrt med ei lekkje som i andre enden har ein ring til å opne, eller eit klips, slik at uret kan festast til plagget på eit vis som gjer det lett å take det fram or lomma og sjå på det utan å miste det. Slike ur har framfor alt vore nytta av menn, som vanlegvis hadde det i ei lomme på vesten, med lenka festa i eit av knapphola på vesten.

Dei fyrste lommeura vart laga på byrjinga av 1500-talet. Dei vart vanlege på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, og vart ofte nytte som ei konfirmasjonsgåve som markerte at guten hadde vorte mann. Men framover på 1900-talet måtte lommeura etter kvart vike plassen for armbandsura. Dei er likevel framleis i sal, jamvel med moderne kvarts-urverk.

Ein variant av lommeura er dei «syster-ura» som sjukepleiarar gjerne har festa hengande til uniforma, altså ikkje i ei lomme. Urskiva er tilpassa dette viset å bere uret på.

Sjå ògEndra