London-symfoniane

London-symfoniane er ei samling av 12 symfoniar (Haydn sine symfoniar nr. 93-104) skrivne av Joseph Haydn i perioden 1790-1795, i ein periode då Haydn gjesta London store delar av tida (sjå artikkelen Joseph Haydn for meir biografisk informasjon). Dei vert gjerne delt opp i to bolkar: 93-98 var skrivne under Haydn sitt fyrste englandsbesøk, medan 99-104 var skrivne for og under det andre besøket.[1]

  • Symfoni Nr. 93 i D (1791)
  • Symfoni Nr. 94 i G, Paukeslaget (1791)
  • Symfoni Nr. 95 i C-moll (1791)
  • Symfoni Nr. 96 i D, Miraklet (1791)
  • Symfoni Nr. 97 i C (1792)
  • Symfoni Nr. 98 i B (1792)
  • Symfoni Nr. 99 i Eb (1793)
  • Symfoni Nr. 100 i G, Militærsymfonien (1793)/(1794)
  • Symfoni Nr. 101 i D, Uret (1793)/(1794)
  • Symfoni Nr. 102 i B (1794)
  • Symfoni Nr. 103 i Eb, Trommevirvlen (1795)
  • Symfoni Nr. 104 i D, London (1795)

Desse symfoniane er rekna for å vera Haydn sine beste (eit kvalitetsnivå sjølv Mozart berre tidvis greidde å tangera innanfor den symfoniske genren), og er alle glimrande eksempel på den wienerklassiske symfonien. Dei er og dei siste symfoniane Haydn skreiv; Etter 1795 dreiv Haydn for det meste med strykekvartettar, klavertrioar og oratorium. Symfoniane har namna Hob. I\93-104 i «Hoboken-Verzeichnis»-katalogen.

Kjelder endre

  1. Webster, James: ‘Haydn, Joseph’, Grove Music Online ed. L. Macy (Vitja 8. mars 2008).